
Fjelltun Camping ligg i den idylliske grenda Homlong, omlag 2 kilometer eller 5 minutts køyring frå Geiranger sentrum. Vi tilbyr utleigehytter, utleigeleiligheiter og teltplass. I kafeen vår, der vi også har uteservering, kan du få kjøpt dagens middag, kaker, is og kaffi. Vi har også serveringsløyve for øl og vin.
Den kjente turistbygda Geiranger ligg på Nordvestlandet, omlag 1 1/2 time frå Ålesund. Geiranger er kjent for den unike fjorden - omkransa av majestetiske fjell og flotte fossefall. På grunn av den særprega naturen og dei mange kulturminna blei Geirangerfjorden og områda rundt sommaren 2005 oppført på Verdsarvlista til UNESCO.
Fjelltun Camping er eit idéelt utgangspunkt for alle opplevingar og aktivitetar som Geiranger kan by på. Her startar dei kjente turstiane til Homlongsetra (omlag 1 1/2 times gange) og Skageflå (omlag to timars gange). Du kan også velje lengre turar, som f. eks. til Skagedalen (omlag 5 timars gange). Og avstanden er kort til sentrum av Geiranger, med serveringsstader, souvenirbutikkar og eit yrande folkeliv.
Frå Fjelltun Camping er det også enkelt å ta seg vidare til andre kjente turiststader i nærområdet, f.eks. Ålesund (omlag 1 1/2 time), Molde (omlag 1 1/2 time), Åndalsnes med Trollstigen (omlag 1 1/2 time) og Stryn (omlag 1 time).
Kva med ein dag i Atlanterhavsparken i Ålesund? Eller kan du tenkje deg ein dag på ski midtsommars på Strynefjellet?
